Gullalderen for nynorskmusikken er no
Vinylsamlar og nynorskentusiast, Arild Torvund Olsen, har gjeve ut bok som syner eit gløymt stykke språkhistorie og breidda i den nynorske musikkhistoria.
– Den norske musikkhistoria har mangla språkperspektivet, og nynorskhistoria har mangla musikkperspektivet, og det har eg ønskt å gjera noko med, seier Arild Torvund Olsen om motivasjonen for å skriva boka Slagersong og svartmetall. Godbitar frå den nynorske populærmusikken.
Eit lite stykke nynorskhistorie
For ei lita stund tilbake, var Arild kurator for ei utstilling ved Ivar Aasen-tunet om nynorsk musikk. Han følte det var mykje meir å fortelje enn det han fekk plass til i denne utstillinga, og då Fonna Forlag tok kontakt om han kunne gjera dette til ei bok, måtte han sjølvsagt takka ja.
– Det har vore mange seine kveldar, gravande i både dei digitale og dei fysiske arkiva til Nasjonalbiblioteket og Arkivverket for å f inna presseklypp, omtaler og intervju, og ikkje minst bilete.
– I tillegg har eg snakka med ein del artistar. Dei har syntest det er f int at nokon tek tak i dette, og har viljug delt historier og anna med meg, fortel Torvund Olsen.
Boka er delt inn kronologisk der me følgjer historia til den nynorske musikken utgjeven på fysisk format, frå den fyrste populærmusikkplata på nynorsk i 1938 heilt fram til 2018. Boka er ikkje eit komplett oversyn over det som er spelt inn av nynorsk musikk, men viser fram og fortel om eit representativt utval.
– Eg har samla aktivt på nynorske plater i ganske mange år. Samstundes som eg har samla plater, har eg utforska og samla på historiene bak dei og sett at det er veldig mange interessante enkelthistorier, fortel Arild. Difor har eg organisert boka med utgangspunkt i enkeltplater. Eg har prøvd å visa breidda, både det som inspirerte mange, det som selde bra og det som representerte noko nytt, legg han til.
Det finst mange historier i Slagersong og svartmetall. Men i arbeidet med boka har Arild og Fonna kanskje skapt litt historie sjølve. Dei fann ei ukjend innspeling med den folkekjære visesongaren Ivar Medaas. Den utgåva av Slagersong og svartmetall som er til sals frå heimesida til Fonna, kjem med ein fleksisingel med denne innspelinga som aldri før er utgjeven.
– Eg synest det er fint at ein får med ei plate når ein kjøper ei bok om vinyl og det fysiske formatet. Og så hadde eg lyst på innspelinga på plate sjølv, då, ler Arild.
– Saman med ei lenke til ei speleliste på Spotify, som lesaren kan lytta til medan dei les boka, gjev det eit fint samspel mellom fysisk sal og strøyming, legg han til.
Entusiastiske målfolk
Blant favoritthistoriane til Arild, er forteljinga om Deep River Boys. Dette var ei amerikansk jazzgruppe som spelte inn «Sporven» av Arne Garborg og Catharinus Elling før dei skulle spela i Noreg i 1956. Med på innspelinga hadde dei ein norsk jazzkvintett med kjente namn som Arne Bendiksen på bass og Erling Andersen på tenorsaksofon. Innspelinga vart vellukka, og allereie i september kom songen ut på 78-plate og selde godt, kanskje takka vere positiv omtale i Norsk Tidend og Gula Tidend.
– Denne historia syner oss entusiasmen til målfolket. Det f inst ein fordom blant somme om at målfolk er skeptiske og konservative, men det ser ein ingen teikn til her. Ein ser faktisk at målfolket er entusiastiske til nytolkingar av til dømes Garborg og Vinje, og har vore opne for musikalsk leik med nynorsk.
Då Gula Tidend fekk nyss om at Deep River Boys ønskte å spela inn ein versjon av «Sporven», skreiv dei med stor entusiasme: «Lat det norske målet syngja seg inn i ungdomen i vår tids rytme.» Gleda blei derimot kortvarig: Etterkomarane av Catharinus Elling meinte innspelinga var ei vulgær utgåve av «Sporven» og kravde at singelen vart trekt frå marknaden. Plateselskapet tok ikkje kampen, og destruerte restopplaget.
Gullalder for nynorsk musikk
Det er ikkje enkelt å peika på generelle særtrekk ved historia til populærmusikk på nynorsk, eller enkelt oppsummera ho. Som tittelen viser til: her er det alt frå slagersong, til vise, pop og rock til svartmetall. Det er likevel eitt utviklingstrekk som er særleg viktig.
– Nynorsk har vore viktig heile vegen, men den største forskjellen frå før og i dag er at det no er veldig mange fleire som skriv nynorske songtekstar, fortel Arild. I dag har me ei mykje større breidde i folk som skriv nynorsk populærmusikk.
På 50- og 60-talet var det i hovudsak tonesetjing til andre sine tekstar som var vanleg. Den einaste plateartisten som skreiv eigne tekstar på nynorsk på 50-talet, var Marie Lovise Widnes. På 70-talet kom det fleire som skreiv eigne tekstar, særleg innanfor rock og visesongen. På 80-talet vart det sett popmusikk til eksterne tekstforfattarar sine tekstar, før det frå og med 90-talet igjen er blitt stadig fleire som skriv eigne tekstar.
– Det er nokon som har spurt meg om kva som var gullalderen for nynorsk musikk, og eg vil påstå at gullalderen for nynorskmusikken er no, seier Arild Torvund Olsen.
I dag er norsk tungmetall med nynorsk tekst stor kulturell eksportvare, og folkrock/ alternativ-bandet Gåte framførte nynorsk songtekst i Melodi Grand Prix for heile Europa. I Norsk Tidend 3/2024 sa Kjartan Fløgstad at mengda bokmål innanfor populærkulturen har falle markant, til fordel for engelsk, men også dialekt og nynorsk. Dette er ein påstand Arild Torvund Olsen er samd i.
– Eit interessant døme er til dømes i Melodi Grand Prix. Så lenge det var krav om å ha norske tekstar, var det bokmålsdominans. Etter det vart frislepp, har derimot nynorskprosenten haldeseg identisk, men mengda bokmål har stupt til nesten ingenting.
– MGP har har gått frå bokmålstekstar med litt nynorsk, til at nynorsk og bokmål no er om lag likestilte. Det har kanskje noko med at dei som har lyst til å syngja på norsk, gjer det av ein grunn, og at dei som har eit medvite forhold til språk gjerne er målfolk, seier Torvund Olsen spørjande.
Lovande framtid?
Mange har spådd vinylens død, men samstundes som Spotify tok over strøymemarknaden, kom vinylen tilbake for fullt. Arild er også vonfull for framtida til nynorsk-musikken.
– Det er sjølvsagt umogleg å spå framtida, men eg synest det er lovande å sjå dei nye artistane som kjem til. Mange av mine favorittar er nyare artistar, fortel Arild. Sjølv om det står bra til, saknar Arild Torvund Olsen også noko innanfor den nynorske musikkatalogen.
– Det manglar noko musikk med elektroniske lydbilde, som elektronika og elektropop. Her kan det vera langt meir enn i dag. Synne Vo gjer tekstar på både nynorsk og dialekt innanfor elektropop, og meir av det skulle eg gjerne sett.