aktuelt

Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar?

James K. Puchowski fekk nynorskstipend i 2022 for å lage ei innføringsbok for studentar om nynorsk og språkstoda i Noreg. Foto: Noregs Mållag

Noregs Mållag lyser kvart år ut to nynorskstipend på 50 000 kr, eitt til ei kvinne og eitt til ein mann. Stipenda skal gå til prosjekt som fremjar nynorsk på område der han frå før er lite brukt. Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.

Send søknad og ev. dokumentasjon til nm@nm.no. Frist 15. februar

Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser. Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport innan prosjektåret er slutt. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale. Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Søknaden må innehalde problemstilling og mål, arbeidsform/metode, tidsplan, budsjett, CV og ev. referansar til tidlegare arbeid.

Klikk her for å sjå tidlegare mottakarar av stipenda.