norsk tidend

– Hjarta mitt ligg hos nynorskelevane

– Eg har sjølv sett at dei komande lærarane våre er for dårlege i nynorsk, og det må lærarutdanningane i større grad ta innover seg, seier kunnskapsminister Guri Melby (V). Ho meiner lærarane er ein nøkkel til å sikra betre kår for nynorsk i skulen. 

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Ein fredag midt i mars fekk Noreg brått ein ny kunnskapsminister. Det er alltid spennande for målfolket, for det er ikkje til å koma frå at ministerposten er heilt avgjerande for kåra til nynorsk og nynorskbrukarane. Rykta seier at Guri Melby har fått draumejobben, og at ho alltid har vore brennande engasjert i skulepolitikk. I tillegg har ho ein master i nordisk språkvitskap og to års fartstid som tidlegare styreleiar i Språkrådet. Når ho attpåtil representerer det tradi sjonelt sett svært så nynorskvenlege partiet Venstre, ser Melby i grunnen ut som ein kunnskapsminister målrørsla har bestilt. 

– Nynorskelevane strevar meir 

No for tida handlar jobben til Guri Melby om å losa skulenoreg, det vil seia svært mange av oss, så trygt som råd gjennom koronakrisa. Men når kvardagen vender tilbake til normalen, for både ministeren og alle oss andre, er det dei skulepolitiske spørsmåla som står for tur. Dei ser Melby fram til å ta fatt på, og ho er klar for å nytta den faglege ballasten sin i møte med dei språkpolitiske spørsmåla i skulen. 

– Eg veit ein del om kor viktig språk er, både for oss som samfunn og enkeltindivid. Språk seier så utruleg mykje om oss, og det er noko av det som gjer at eg synest det er så spennande. I tillegg har eg lært ein del om den norske språk situasjonen og kva tiltak som er viktige for å sikra at me greier å ta vare på begge skriftspråka våre. 

Forventningane til kunnskapsministeren er store. Det er ikkje nokon løyndom at Noregs Mållag er uroleg for vilkåra til nynorsk gjennom heile opplæringsløpet – heilt ned til dei aller minste. Norske barnehagebarn er ikkje sikra tilgang til nynorsk i barnehagen. Rammeplan for barnehagar nøyer seg med generelle termar som «språkleg mangfald», og seier ikkje eit ord om at barnehagane skal ta opp den norske språksituasjonen. Det er ei problemstilling Melby vil sjå nærare på. 

– Det er ikkje tvil om at det er viktig at dei minste møter barnelitteratur på både bokmål og nynorsk, så det er eit interessant poeng at dette ikkje blir teke opp i rammeplanen. Men eg vil sjå litt nærare på korleis det fungerer i praksis, før eg uttalar meg om kva me eventuelt skal gjera. 

Når det gjeld skulen, meiner Guri Melby dei største utfordringane for nynorsk ligg hos elevane som har det som hovudmål. 

– Hjarta mitt ligg hos nynorskelevane, for dei har mange utfordringar. Det er veldig viktig at me gjer det me kan for at dei skal halda på nynorsken gjennom skulegangen og vaksenlivet. Det er faktorar både i og utanfor skulen som gjer at nynorskelevar strevar meir med hovudmålet sitt enn bokmålselevar, til dømes tilgang på læremiddel og at nynorsk er lite representert i mange lokalsamfunn der det blir undervist i skulen. Så det er viktig at nynorskelevane både lærer språket sitt godt i skulen og møter det mange nok stader i samfunnet elles, til at dei tenkjer det har ein verdi. 

Kunnskapsministeren har lenge vore interessert i skulepolitikk og har sjølv undervist både i skulen og på lærarutdanninga. Foto: Baard Salvesen / Venstre

Open for ei tydelegare opplæringslov

Noregs Mållag har vore sterkt kritisk til at utkastet til den nye opplæringslova, som vart lagt fram før jul, ikkje sikrar nynorskelevane betre tilgang til digitale læremiddel på nynorsk. No ligg framlegget på bordet til Guri Melby, og ho er open for ei tydelegare lov. 

– Me må ha eit regelverk som sikrar alle elevar læremiddel på eiga målform. Eg meiner til dømes det er eit problem at ein del ressursar fell utanfor læremiddeldefinisjonen i lova av i dag. Samtidig kan ikkje regelverket vera så rigid at det hindrar lærarar å ta i bruk viktige og interessante ressursar og kjelder om dei ikkje finst i begge målformene. Men eg treng meir tid til å setja meg inn i framlegget til ny lov for å sjå kva justeringar me må gjera for å oppnå det me ønskjer. I det arbeidet vil eg gjerne sjå på dei framlegga som Mållaget kjem med. 

Guri Melby har tru på at mange av læremidla som blir utvikla i samband med dei nye læreplanane, skal koma på nynorsk. 

–Me opplever at me har god dialog med forlaga, og det bør hjelpa oss til å finna gode løysingar. 

Ein må vera open for å gjera særskilte tiltak for å styrkja nynorsk på heile opplæringsfeltet, meiner Melby. 

– Me må innsjå at situasjonen for nynorsk og bokmål er veldig ulik. Det kan ein anten jamna ut gjennom lovverk og reguleringar eller økonomisk stimulans. Ein må vurdera i kvart einskilt tilfelle kva verkemiddel som er best eigna. 

Guri Melby er klar på at ein del lærarar er så dårlege i nynorsk at det påverkar undervisningssituasjonen til nynorskelevane negativt. 

– Eg har sjølv jobba i lærarutdanninga og sett at mange studentar ikkje er gode nok i nynorsk. Dei er utrygge, og det fører til at dei unngår å skriva nynorsk. Så lærarutdanningane må innsjå at mange studentar kjem inn med manglande kunnskap, og gje dei den kompetansen dei treng. I tillegg trur eg det vil hjelpa å få heva statusen til læraryrket og få fleire sterke elevar til å søkja seg inn på lærarutdanninga. 

Ein gjennomgang av tilhøva ved norske utdanningsinstitusjonar viser at ein del lærarstudentar som skal undervisa elevar 5.–10. trinn, ikkje får nynorskopplæring i det heile. Det ønskjer Guri Melby å gjera noko med. 

– Det er ikkje bra. Kva me konkret skal gjera med saka, må eg diskutera med kollega Henrik (Asheim, forskings- og høgare utdannings-minister). 

– Nye læreplanar kjem til å styrkja nynorsk
Til hausten trer det i kraft nye læreplanar, også i norskfaget. Noregs Mållag har uttrykt uro for at stillinga til nynorsk blir svekt gjennom endringar som gjeld sidemålet, fyrst og fremst felles karakter i bokmål og nynorsk på ungdomsskulen og i vidaregåande og lågare kompetansekrav til elevane i sidemål enn i hovudmål. Guri Melby meiner på si side dei nye læreplanane vil styrkja sidemålet, og ho er ikkje uroleg for at ulike kompetansekrav skal gå utover nynorsk. 

– Det er gjort tydelege endringar i favør av sidemålet i læreplanane. Elevane skal møta både bokmål og nynorsk tidlegare enn før, og det er gjort klart at dei skal jobba med skilnadene mellom målformene både etter andre og fjerde trinn. Dei ulike kompetansekrava mellom hovudmål og sidemål meiner eg er ei justering i tråd med den praksisen som har vore i skulen, for i eksamensvurderinga har det til dømes blitt praktisert lenge. Eg synest ikkje det er realistisk at fleirtalet av elevane skal bli like gode i sidemål som i hovudmål, og for høge krav kan dessutan skapa dår lege haldningar til nynorsk. Kompetansekrava skal uansett framleis vera høge, også i sidemålet, for alle elevar. 

Endringane i lærarutdanninga vil bidra til å sikra at sidemålet blir styrkt gjennom dei nye læreplanane – også i praksis, meiner Guri Melby. 

– Alt me gjer for å styrkja lærarutdanninga, både knytt til lengda på utdanninga og auka inntakskrav, vil koma nynorsk og nynorskelevane til gode.