norsk tidend

– Ikkje radikalt med nynorsk i Bergen

Foto: Vemund Norekvål Knudsen

Dersom Bergen skal vera ein internasjonal by, slik sjølvbildet til byen er, må det òg vera rom for språket til dei mange som bur i og rundt byen. Då må ein òg vera raus med nynorsken

Gratulerer med ny jobb! Korleis vil du beskriva stoda for nynorsken i Bergen i dag?

– Eg meiner det står bra til! Bergen er ein kommune som dei siste åra har vore offensiv når det gjeld nynorsk. Kommunen er språknøytral, og har i motsetnad til mange andre kommunar tatt kon-
sekvensen av det. Bergen kommune har gjort ein god jobb, og eg meiner Bergen viser at det er ein raus og open by – også når det kjem til nynorsk.

– Dersom Bergen skal vera ein internasjonal by, slik sjølvbildet til byen er, må det òg vera rom for språket til dei mange som bur i og rundt byen. Då må ein òg vera raus med nynorsken. Konfliktane mellom strilane og bergensarane, som til dels også heng saman med historia om nynorsken, er ikkje noko å vera stolt av. Så vil eg leggja til at det finst ein bergensk måte å skriva bokmål på i Bergen, og denne er òg viktig å ta vare på. Me må vera rause mot det bergenske tilbake.

Så du meiner nynorsk er naturleg i Bergen?
– Nynorsken høyrer absolutt heime i Bergen. Det er ikkje lenger mogleg å bruka stril som skjellsord, til dømes. Eg opplever at stoltheita over nynorsken står støtt i nabokommunane til Bergen, i tillegg til at det bur mange nynorskbrukarar i Bergen òg. Derfor er det ikkje radikalt å opna for nynorsk i ei bergensk avis, synest eg.
– Det har vore nynorskskepsis i Bergen. Det kom mellom anna til uttrykk då det var kamp om namnet på norske byar. Målrørsla møtte mellom anna motbør for å kjempa for at Bergen skulle heita Bjørgvin ein gong tilbake. Det har òg vore skepsis til nynorske namn på statlege institusjonar i byen. Dersom nynorsk skal ha ein plass, må me også forstå den bergenske eigenarta. Det er mange medvitne bokmålsbrukarar i Bergen. Frå dei som snakkar og skriv meir konservativt riksmål, til dei som brukar eit «gatebergensk», som ein kan seia ligg nærare nynorsk. Ein by som Bergen har rom for alt.

Eg trur dei redaksjonane som i dag har forbod mot
nynorsk, vil gå glipp av mange gode talent framover.

Sølve Rydland

Korleis har responsen vore på at du som journalist skriv nynorsk?

– Positiv, i den grad eg har fått nokon respons på det. I NRK dekte eg bokmålsbastionar som bergenspolitikken og Sportsklubben Brann på nynorsk. Eg har aldri fått reaksjonar på det.

– Så får me sjå korleis lesarane til BA tar det. Det er historiske linjer i Bergensavisen som gjer at eg er førebudd på at det kan koma reaksjonar. Men det skal me klara å handtera.

Vil du seia at du skriv meir tydeleg eller presist?

– Kanskje. Eg har aldri tatt stilling til alternativet, så eg kan ikkje samanlikna, men eg ville vore meir utrygg med bokmål. Eg har funne mi røyst, og den er på nynorsk.

SØLVE RYDLAND: Nytilsett som politisk redaktør i Bergensavisen. Med det opnar Bergensavisen for nynorsk i spaltene for fyrste gong på
svært lang tid. Han har erfaring frå NRK og var redaktør og dagleg leiar i avisa Nordhordaland. Foto: Vemund N. Knudsen

Kjem det til å bli meir språk eller målpolitikk i Bergensavisen no som du og Guro Valland (sjefre-
daktør og nynorskbrukar) er tilsette der?

– Det har eg ikkje tenkt over. Eg freistar å vera mest mogleg uavhengig. Eg er nynorskbrukar, men ingen aktivist. Det ville ha vore vanskeleg å takka ja til ein jobb der eg ikkje fekk bruka nynorsk, men det betyr ikkje at det først og fremst er det eg skal skriva om.

– Kva er det viktigaste tiltaket for nynorsken,
slik du ser det?

– At han er til stades i liva til folk. Barnebøker, avisa, media, tv, teater, kulturlivet. Den dreiinga me har sett i Bergen, har bidrege til at nynorskaktørane er blitt tydelegare. Elles er det sjølvsagt viktig med læremiddel på nynorsk, der har me mykje å gå på.

– Mediepolitisk kan eg seia at eg trur dei redaksjonane som i dag har forbod mot nynorsk,
vil gå glipp av mange gode talent framover. Nynorsk mediesenter, der eg sjølv kom frå, og Nynorsk avissenter, utdannar flinke folk. Nynorske journalistar vil vera ein styrke for ei avis. Dersom nynorsk er diskvalifiserande for jobb, vil ei gå glipp av mange av dei flinkaste folka.

– Det er heilt naturleg i eit moderne, mangfaldig samfunn at språket også er ein viktig del av dette mangfaldet. Men om me som skriv nynorsk forventar at andre skal vera opne og tolerante, må me òg evna å vera det same tilbake.

Ein kan òg lettare skilja seg ut i mengda om ein brukar nynorsk. Det er ikkje så dumt om ein har noko på hjarta.

Sølve Rydland

Du verkar jo å vera opptatt av nynorsk?
– Eg er opptatt av nynorsk, og vil takka dei som tar kampen for at eg kan bruka eit språk eg identifiserer meg med. Men eg er ikkje først og fremst nynorskbrukar. Eg er redaktør og journalist først, og eg vil vera med å flytta barrierar, og eg brukar nynorsk. Inngangen til journalistikken for meg var Nynorsk mediesenter, og det at eg har gått der, forpliktar meg med tanke på nynorsken. Å gå der gjorde meg trygg i språket mitt, eg blei heilt klart ein betre journalist. Men eg er ikkje medlem i Noregs Mållag, for å seie det slik. Eg er opptatt av ikkje å ha bindingar.

Er nynorsk eit framtidsretta språk?
– Nynorsken har absolutt ei framtid! Det har aldri vore mindre problematisk å vera nynorskbrukar enn i dag. I eit større perspektiv trur eg me som samfunn har blitt meir tolerante, òg når det gjeld nynorsk. Nynorsk er eit godt språk å uttrykkja seg på. Ein kan òg lettare skilja seg ut i mengda om ein brukar nynorsk. Det er ikkje så dumt om ein har noko på hjarta.