norsk tidend

Jamstillinga mellom nynorsk og bokmål må grunnlovsfestast

Illustrasjon: Audun Skjervøy

Det er på høg tid å grunnlovsfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovsfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

TEKST: PEDER LOFNES HAUGE

Noregs Mållag har programfesta at vi meiner «jamstillinga mellom nynorsk og bokmål skal grunnlovsfestast». No girar vi opp arbeidet for å sikre den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Styret i Noregs Mållag har skrive ei fråsegn som landsmøtet skal handsame i april. Då sparkar vi på mange måtar i gang det vi trur vil bli ein stor og viktig debatt. Vi har som mål at det blir levert eit konkret grunnlovsframlegg i Stortinget denne valperioden, slik at det neste Stortinget kan handsame det.

Vi ynskjer at norsk, både bokmål og nynorsk, skal grunnlovsfestast som nasjonalt hovudspråk. Det vil vere viktig særleg for nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka. I dag er det berre samisk (i grunnlovsteksten i eintal) som har eit eksplisitt grunnlovsvern (paragraf 108). I paragraf 114 er norsk språk indirekte grunnlovsfesta gjennom kravet om å måtte tale «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten. I Lov om språk (språklova) blir det slått fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Det bør også stå i Grunnlova.

I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. Ifølge databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene enn at dei ikkje gjer det.

Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner.. Ei grunnlovsfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vere ei modernisering av Grunnlova.

Den finske grunnlova frå 1999 seier i § 17 første ledd kort og godt at finsk og svensk er Finland sine nasjonalspråk, og innheld så meir omtale om både samisk, teiknspråk og språket til “romerna och andra grupper”. Den finske grunnlova er den einaste i Norden som inneheld føresegner om språk.

Ei anna form for grunnlovsfesting finn vi i den irske grunnlova, som gjev irsk status som nasjonalspråk og første offisielle språk, medan engelsk er det andre offisielle språket. I den franske grunnlova er det slått fast i artikkel 2 at fransk er republikkens språk. I artikkel 75-1 er regionale språk anerkjende som del av Frankrikes [kultur]arv.

I den spanske grunnlova er dei spanske språka verna. Kastiljansk har etter artikkel 3 status som statens språk, mens andre spanske språk (til dømes katalansk og baskisk) har status som offisielle språk i sine område. Alle dei spanske språka er anerkjende som del av Spanias kulturarv og skal respekterast og vernast. Artikkel 20 om ytringsfridom slår fast at det skal takast omsyn til språkmangfaldet i Spania i mediepolitikken.

Slovenias grunnlov slår i artikkel 11 fast at slovensk er det offisielle språket i Slovenia, og at italiensk og ungarsk skal vere offisielle språk i dei kommunane som har befolkning som tilhøyrer dei italienske og ungarske folkegruppene i landet.

Austerrikes grunnlov slår i artikkel 8 fast at tysk er republikkens språk, men at republikken òg anerkjenner språka til folkegrupper med tradisjonell tilknyting til landet, og at desse språka skal respekterast, vernast og fremjast.

Vår eiga grunnlov må slå fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg, og at nynorsk og bokmål er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.

I 2024 kan vi feire runde jubileum for to viktige nynorskvedtak i nyare tid. For 50 år sidan, i 1974, vedtok Stortinget at lærebøker til bruk i skulen skulle kome til same tid og same pris. Dette vedtaket var avgjerande viktig for å sikre elevar retten til likeverdig opplæring i alle fag på nynorsk. For 10 år sidan, i 2014, vedtok Stortinget at Grunnlova skulle finnast i to jamstilte versjonar, ein på nynorsk og ein på bokmål. At det mest grunnleggjande dokumentet for staten Noreg då kom på nynorsk, var ein stor siger for nynorsken.

At det blir levert eit konkret framlegg om grunnlovfesting av norsk – med jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vere ei fin markering av desse jubilea.