kalender

Det nynorske forspelet

Tid:
8. juni 202219.00
Stad:
Fosnavåg
Arrangør: Herøy Mållag mf

Kvelden før Dei nynorske festspela tek til i Aasentunet, blir det forspel i Fosnavåg konserthus. Forspelet er ofte den kjekkaste delen av festen, er det ikkje? I år kan du oppleve unge, lokale songtalent, proffe musikarar, balstyrig og burlesk showtunesprosa og ein litt småforbanna leiar i Noregs Mållag. «Det nynorske forspelet» blir ein real festkveld for oss som elskar det nynorske. Les heile programmet for Det nynorske forspelet.

Sjølv om dette skal vere ein festkveld, blir det også rom for nokre skikkelege alvorsord frå leiaren i Noregs Mållag. Peder Lofnes Hauge kjem heile vegen frå Bergen til Herøy for å vere med på Det nynorske forspelet. Vi vil påstå at det er ein litt småforbanna mållagsleiar som inntek mikrofonen utpå kvelden, under overskrifta: «F**K NYNORSK?»
Bli med på det nynorske forspelet i Fosnavåg konserthus, onsdag 8. juni klokka 19.
Billettar: https://checkout.ebillett.no/139/events/15249/purchase/setup?kanal=dxf#!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Herøy Mållag, Noregs Mållag, Dei nynorske festspela, Møremusikarordninga og Olympic kulturfond.