Laurdag 6. juni arrangerer Fredrikstad Mållag tur til Universitetet i Ås. Der får vi profesjonell omvising inkludert lunsj og er sikra ein fin forsommardag «i det grøne» på eit universitets-område med lange tradisjonar.
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har eit av landets vakraste parkanlegg og Europas mest moderne veterinærbygning.
Til Ås kan ein komme med tog eller bil. Vi møtest på gjesteparkeringsplassen ved Skogsdammen og krysset Herumveien/Drøbakveien klokka 11:00 laurdag 6. juni.
Omvising og lunsj vil koste kr. 500,- per deltakar. Det blir innkravd på staden. Vi må ha bindande påmelding innan 27. mai. Skriv e-post til fredrikstadmaallag@gmail.com eller send melding til Magne Aasbrenn tel. 97970065.