kalender

Årsmøte i Borgund Mållag

Tid:
26. februar 202418:30
Stad:
Ålesund rådhus, Biblioteksalen
Arrangør: Borgund Mållag

Borgund Mållag inviterer til føredrag, utdeling av Målblomen 2023 og årsmøte.

Føredraget, som er ope for alle, er ved Kari Grindvik og har fått tittelen «Exit nynorsk? Arbeid med språk i Ålesund». «Verdas største nynorskkommune» oppstod då kommunane Haram, Skodje, Sandøy, Ørskog og Ålesund etablerte «nye» Ålesund 1.1.2020.

Kari Grindvik (V) som var leiar i komité for kultur og medborgarskap, stod i spissen for arbeidsgruppa som utforma språkbruksplanen for kommunen. Planen regulerer bruken av nynorsk og bokmål, og har gode føringar om bruk av eit klart språk – uavhengig av målform.

I foredraget vil Kari Grindvik fortelje om arbeidet med språkbruksplanen, og kome med tankar om det kommunale ansvaret for språksituasjonen etter at det nye kommunestyret før nyttår vedtok at Ålesund kommune no skal vere «språknøytral».

Denne delen av arrangementet er eit samarbeid mellom Ålesund bibliotek og Borgund Mållag.

Etter føredraget er det utdeling av Målblomen 2023 til ein person som har gjort mykje for nynorsk i Ålesund. Kven dette er, vert kunngjort rett før sjølve årsmøtet startar.

Borgund Mållag vart i januar 2023 slått saman med Skodje og Ørskog Mållag, og medlemstalet er i god vekst.