Årsmøte i Fredrikstad Mållag
Styret i Fredrikstad Mållag inviterer til årsmøte torsdag 9. mars 2023 kl. 19:00 i lokalet Framheim i Majorens kro og stue i Gamlebyen (adresse Voldportgaten 23). Som kulturinnslag før møtet får deltakarane komme på besøk i ein av dei tradisjonelle bygardane, nemleg Voldgaten 2. Klokka 18.00 viser Karin Elin Berg oss rundt og fortel om historia til bygningen, også med språklege innslag. Da får vi oppleve Gamlebyen «bak kulissane»!
Dei som vil vere med på både omvising og årsmøte, møter ved Glashytta ved innkøyrsla til Gamlebyen kl. 17:50 9. mars. Derifrå er det kort å gå både til Voldgaten 2 og seinare til kroa.
Etter årsmøteforhandlingane kåserer Magne Aasbrenn om den særskilde rettskrivinga Roald Amundsen og Fridtjof Nansen brukte. Tittel «Ei kort innføring i polfararnorsk».
Det er fritt å tinge kaffi, suppe, mat osb i restauranten idet møtet tar til.