Årsmøte i Gloppen Mållag
						Publisert:
						1. februar 2024					
					Tid: 
12. februar 2024
Stad: 
Sandane 
Arrangør: Gloppen Mållag 
Alle er velkomne til årsmøte måndag 12. februar 2024 klokka 19 på Gloppebua i fyrste etasje.
Gloppen Mållag held fram medlemsveksten. No har vi auka til 158 medlemer! Tusen takk til alle nye og gamle medlemer.
Kåre  Risholm  og  Eelco  Schrama  spelar  og  syng.  Det  vert  pizza  og  brus  og  kaffi  attepå.
Det  vert  vanlege  årsmøtesaker  og  så  tek  vi  debatten  om  Gloppen  bør  vere  eit  herad  og  ikkje  kommune.
Vel møtt!