kalender

Årsmøte i Sogn og Fjordane Mållag

Tid:
22. mars 202511:00
Stad:
Skei
Arrangør: Sogn og Fjordane Mållag

Sogn og Fjordane Mållag inviterer til årsmøte laurdag 22. mars. er kjem den formelle innkallinga til årsmøte i Sogn og Fjordane mållag laurdag 22. mars 2025.

Dagen byrja med eit miniseminar om nynorsk på internett frå klokka 11. På seminaret skal Sogn og Fjordane Mållag dele ut den tradisjonsrike målprisen. Programmet vert sendt ut når det er klart.

Etter lønsj, frå klokka 13.00 til 15.30 vert der årsmøte.

Seminar og møte er på Sunnfjord bibliotek på Skei skule.

Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag, vil vere gjest på årsmøtet og innleiar på seminaret.