Årsmøte Odda Mållag
Publisert:
23. januar 2025
Tid:
23. februar 2025— 18:00
Stad:
Odda
Arrangør: Odda Mållag
Gode mållagsmedlem!Dato for årsmøte i Odda Mållag er sett til sundag den 23. februar kl 18:00.Møtet finn stad i Ungdomshallen i Odda, Skjelmhaugata 9.Det vert vanlege årsmøtesaker.Viktig: Som medlem i laget er du velkomen til å melda inn saker du vil at årsmøtet skal ta opp. Saker skal meldast skriftleg, og du kan senda dei til oss på e-post til følgjande adresse: post@odda-mallag.no. Du kan også ringa direkte til leiar i laget på mobilnummer 900 53 602. Fristen for å senda inn saker til årsmøtet er 29. januar.Desse er på val i år:Leiar Sigrid Espeland LerbakStyremedlemmer: Harald Jordal og Ragnhild HelleVaramedlemmer: Knut O. Dale, Håkon Widding og Kristin Walle.Styremedlemmene Harry Solberg og Solveig Grønlien er ikkje på val.Har du framlegg til kandidatar til styret, kan desse meldast til valnemda ved Siri Jordal på 975 05 447.Helsing styret i Odda Mållag