Årsmøte og feitetysdagsfeiring i Varanger Mållag
Publisert:
6. februar 2024
Tid:
13. februar 2024— 18.00
Arrangør: Varanger Mållag
Varanger Mållag inviterer til feitetysdagsfeiring i Esbensengården i Vadsø tysdag 13. februar klokka 18 i samarbeid med Vadsø historielag. Under overskrifta «Varanger sett frå sykkelsetet; med nynorsken som universalverktøy» vil journalist Gunnar Sætra fortelje om ein sykkelekspedisjon frå Vardø til Kirkenes, og om eigne røynsler med å bruke nynorsk som arbeidsspråk. Det blir historisk quiz, og vi serverer rømmegraut, spekemat og kaffi (pris: 200 kr).
Etterpå, klokka 20.15, same stad, held Varanger Mållag årsmøte. Vanlege årsmøtesaker.
Alle er velkomne!