kalender

Båhuslen – frå norsk rikssentrum til svensk utkant

Tid:
4. mai 202319:00
Arrangør: Bærum Mållag

Torsdag 4. mai kl. 19.00, Voksenåsen konferansesenter

Eit møte med ein gløymd del av norsk historie. Om eit landskap som var sentral del av Noreg i mellomalderen, men som i dag er borte frå vårt historiske medvit. Vi kjenner det som eit ferieparadis i Sverige og attraktivt mål for innkjøpsturar.  Men Båhuslen er full av norsk historie. Det var her Olav Kyrres hadde sitt Haukabø, i dag Håkeby, og det var her Sigurd Jorsalfare gjorde Konghella til maktsentrum i sitt rike, den viktigaste byen i Noreg på 1100-talet. Viktige kampar i den norske borgarkrigen mellom 1130 og 1240 vart utkjempa her. Den norske riksstyraren Gregorius Dagsson vart drepen i eit slag like ved Oddevald, i dag Uddevalla, i 1161. Ved dette landskapet  gjekk grensene mellom dei tre nordiske landa. Her møttest kongane. Båhuslen var sentralt i nordiske konfliktar og alliansar, og hadde i seinmellomalderen spiren i seg til å utvikle seg til eit eige ”mellomnordisk” kongerike. Etter freden i Roskilde i 1658 vart Båhuslen svensk. Bohuslän mista betydning og vart ein utkant i Austersjø-orienterte Sverige.

Inngangspengar 100 kr