kalender

Bokbad med Torvald Sund

Tid:
26. januar 202219:00
Arrangør: Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek

Onsdag 26. januar klokka 19 inviterer Stjørdal Mållag i samarbeid med Stjørdal
bibliotek til eit møte med forfattaren Torvald Sund i samtale med bibliotekar
Solfrid Vestli.

Dei vil vere innom store delar av forfattaren sitt liv og virke, og landar til slutt på den nyaste romanen hans, «Eva», som kom ut i 2021. Torvald Sund, som vart fødd i 1952 i Råkvåg, og som no er busett i
Levanger, reknar seg i dag først og fremst som dramatikar. Men han har ein omfattande og variert forfattarskap, mest for barn og unge, men også med fire vaksenromanar.

Ole Jacob Hoel i Adresseavisen kallar i ei bokmelding av «Eva» Torvald Sund for ein «trøndersk kulturskatt». Han er ein tradisjonell og folkeleg forteljar som ønsker å nå ut til eit breitt publikum utan at det går ut over den litterære kvaliteten. Han skriv ein dialektfarga nynorsk, og bøkene er fulle av
humoristiske opptrinn.

Hovudpersonen i «Eva», Haldor, er ein eksentrisk ungkar som bur på heimplassen Purkvika på Ekne. Han er eit mobbeoffer som lengtar attende til den trygge gammaltida da mora og faren levde og dreiv småbruket som han er eigar av i dag. Så ein dag i 2004 dukkar ein bykar opp og snakkar frampå om
hyttebygging i paradiset ved fjorden og lakselva. Etter kvart kjem også ei vakker, ung kvinne, Eva, til Purkvika og gjer Haldor yr og kjær. Det heile endar ganske katastrofalt med eit frykteleg brotsverk som politiet ikkje greier å finne ut av.

Torvald Sund har her med sitt skarpe blikk for situasjonar og skjebnar teikna eit kulturbilde av ei omskifteleg samtid på den norske landsbygda, der pengar og grådigheit øydelegg verdiar og tradisjonar og til slutt fører til elende. Men obs, obs, latteren er aldri langt unna midt i alvoret.