kalender

Debattmøte: Talespråksnormering i media

Tid:
31. oktober 2023
Arrangør: Bærum Mållag

Tysdag 31. oktober klokka 19.00 på Bekkestua bibliotek.

I vår sette NRK-veteranen Christian Borch fyr på den norske språkdebatten med boka Bak kulissene. Her skriv han: «Lokaldialekterer som sand på skøytebanen og hindrer fri flyt». I debatten som følgde formulerte han seg slik: «Journalistens oppgave er å gjøre seg maksimalt forstått, friksjonsfritt godt forstått.» Han mente at dei som formidlar nyhende på NRK, bør halda seg til normalisert språk, bokmål eller nynorsk.

Dette terga opp mange, som ville ha seg fråbede å få språket sitt omtala som sand i NRK-maskineriet. Men det finst retningsliner for dialektbruk i NRK. Det er ikkje fritt fram. Ein skal ta omsyn til mottakaren og ha som hovudmål å få bodskapen klårt fram. Men kvar går grensa?

Dessutan er NRK ein av dei få instansane der folk flest i det daglege får høyre nynorsk normaltalemål. Auka dialektbruk vil nok ramme nynorsk meir enn bokmål.

Panelmøte med Christian Borch, representantar for NRK, Ola E. Bø, tidlegare tilsett ved Det Norske Teatret og Kjetil Aasen, styremedlem i Noregs Mållag.