kalender

Dialekt på dagsordenen

Tid:
17. september 2022
Arrangør: Troms og Finnmark Mållag

Laurdag 17. september arrangerer Troms og Finnmark mållag eit seminar som vil sette søkelyset på ulike sider ved dialektarbeidet. Seminaret vil bli arrangert i Nordkjosbotn i Balsfjord.

Det vil bli innlegg frå både fagfolk og lokale dialektentusiastar. Frå Universitetet i Tromsø kjem Tove Bull som vil ta føre seg nordnorske ord i folkeleg leksikografi, med eksempel frå fleire lokale ordsamlingar. Ein annan frå UiT som deltar, er Bror-Magnus Sviland Strand, han vil fortelje om doktorgradsarbeidet sitt om barns leikespråk.

Det vil også bli presentasjonar av ulike arbeid med ordbøker og ordsamlingar frå Vesterålen, Senja, Harstad, Målselv og Balsfjord. Her er det mykje god ordkunnskap som ligg gøymt. Det vil dessutan bli ei utstillinga av nordnorske ordsamlingar. Og det vil bli høve til å drøfte korleis ein kan drive dette arbeidet lokalt.