kalender

Dialektjazz i Oslogryta

Tid:
24. november 202219:00
Arrangør: BAKER HANSEN

Kva: BAKER HANSEN – CHET BAKER PÅ NORSK

Stad: Herr Nilsen, CJ Hambros Plass 5, 0164 Oslo

Tid: Torsdag 24. november klokka 19.00

 

Chet Baker si stemme og trompet er forteljarstemma i cooljazzen. Men korleis let forteljingane på vårt eige morsmål? Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.

Baker Hansen har gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019).

Sigurd Rotvik Tunestveit song og gjendiktingar | Erling Skorpen trompet | Tore Flatjord trommer | Kjetil Jerve piano | Stian Andreas Egeland Andersen kontrabass