kalender

Digitalt motivasjonsseminar om julehefte og årbøker

Tid:
19. april 202218.00
Arrangør: Noregs Mållag

Dette er eit motivasjonsseminar for målfolk som driv eller vil starte opp med å lage julehefte eller årbøker. I år er det tre redaktørar og ein økonomiansvarleg som deler erfaringar med oss. Alle er velkomne!

Tid: Tysdag 19. april klokka 18.

Påmelding: Det er ikkje påmelding. Det er gratis. 

Stad: Vi møtest på Zoom:
https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord.

Møteleiar for kvelden: Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag

18.00 Velkomen til motivasjonsseminar! ved Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag. Presentasjonsrunde.

18.10 Erfaringar frå arbeidet med Jul i Trøndelag ved Espen Tørset, redaktør
Espen Tørset har mange års erfaring som redaktør for Jul i Trøndelag. Han fortel om arbeidsmåtar, stoffinnsamling, utfordringar og gleder.
Innleiing og spørsmål

18.50 Økonomi, sal, marknadsføring og distribusjon ved Vidar Lund, økonomiansvarleg i Trønderlaget

Innleiing og spørsmål

19.20 Pause

19.30 Erfaringar frå arbeidet med Jølst ved Camilla Aasen, redaktør
Jølst er juleheftet til Jølster Mållag. Jølst som kom før jul var fyrste blad der Camilla Aasen var redaktør.

19.45 Erfaringar frå arbeidet med Jol i Telemark ved Ragnar Lurås, redaktør
Ragnar Lurås har erfaring med Jol i Telemark gjennom over 20 år. Det er Telemark Mållag som gjev ut bladet gjennom Telemark Forlag, der Ragnar Lurås står for mykje av arbeidet.

20.00 Ordet fritt
Det er lov til å kome med eigne erfaringar, kommentarar til det som er sagt, eller ta opp problemstillingar som ikkje har kome fram.

20.20 Oppsummering, avslutning og god kveld!