kalender

Digitalt nynorskseminar for kommunestyrerepresentantar

Tid:
21. januar 202519:30
Arrangør: Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag

Alt du treng å vite om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt! 

Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Vi inviterer alle kommunestyrepresentantar som ynskjer å setje seg meir inn i saksfeltet til digitalt seminar.  

Tysdag 21. januar klokka 12.30 og klokka 19.30 

Meld deg på her.

Nynorsk i opplæringa
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda
– Born og unge sine språkrettar
– Språk i barnehage og skule
– Nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorskkurs og andre tilbod frå LNK (Landssamanslutninga for nynorskkommunar)
ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK
– Kurstilbod for lærarar i grunnskulen og sakshandsamarar
– Språkbruksplan
– KI, språkteknologi og kva kommunane må passa på

Gjeremålsliste for nynorsk folkevalde
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag
– Oppvekstmelding (kjem i kommunestyret kvart år) – be om rapportering om nynorsk og tiltak for nynorsk
– Folkebibliotek og kulturpolitikk