kalender

Digitalt organisasjonsseminar

Tid:
22. mars 202119:00
Arrangør: Noregs Mållag

Målgruppe: Seminar som rettar seg inn mot heilt nye og litt meir røynde tillitsvalde.
Emne for samlinga: Sosiale medium, medlemsordninga og årshjulet for Mållaget og sjølvsagt: Kva skal lokallag og fylkeslag halde på med?

Dato: Måndag 22. mars klokka 19 -21.30. Påmelding: Det er ikkje påmelding. Det er gratis. Stad: Vi møtest på Zoom. Send e-post til hege.lothe@nm.no for å få tilsendt lenkje.

Det er lov å gå inn på deler av samlinga. Kvart av programpunkta er sjølvstendige og gje god meining for seg sjølv.

Klokka 19: Velkomen til organisasjonsseminar
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent.
Presentasjonsrunde (om vi ikkje er alt for mange)

Klokka 19.10 Nyttig praktisk informasjon
Medlemskapsordninga vår, medlemspengar, verving, årsmeldingar, mållagsåret og organisasjonsmidlar
ved Erik Grov, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag
Innleiing og spørsmål.

Klokka 19.35 Korleis arbeide med sosiale medium og pressearbeid?
ved Hege Lothe
Innleiing og spørsmål.

Klokka 20.10 Pause

Døme på tre aktivitetar for lokal- og fylkeslag:

Klokka 20.20 Målbruksplan i kommunen og korleis arbeide for å få det?
ved Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar i Noregs Mållag

Klokka 20.50 Bokpakkar til barnehagane
ved Karl Peder Mork, nestleiar i Sogndal Mållag

Klokka 21.05 Motivasjonsdagar for lærarar
ved Ellinor Bergli Bustad, styremedlem i Noregs Mållag, og nestleiar i Trønderlaget

Klokka 21.25 Oppsummering, avslutting og god kveld!