kalender

Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Tid:
20. oktober 202519:30
Stad:
Digitalt seminar
Arrangør: Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag

Tid: Måndag 20. oktober klokka 12.00-12.30 og klokka 19.30-20.00
Påmelding: https://nettskjema.no/a/nynorskfolkevald

Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Korleis bli ein god nynorskkommune? Vi inviterer alle kommunestyrepresentantar som ynskjer å setje seg meir inn i saksfeltet til digital seminar.

Nynorsk i opplæringa
ved Synnøve Marie Sætre, senterleiar ved Nynorsksenteret på Høgskulen i Volda
– Born og unge sine språkrettar
– Språk i barnehage og skule
– Nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorskkurs og andre tilbod frå LNK (Landssamanslutninga for nynorskkommunar)
ved Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK
– Kurstilbod for lærarar i grunnskulen og sakshandsamarar
– Språkbruksplan
– KI, språkteknologi og kva kommunane må passa på

Gjeremålsliste for nynorsk folkevalde
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag
– Oppvekstmelding (kjem i kommunestyret kvart år)
– be om rapportering om nynorsk og tiltak for nynorsk
– Folkebibliotek og kulturpolitikk