kalender

Digitalt seminar med Anders Totland og Nynorsksenteret

Tid:
12. november 202519:30
Stad:
Digitalt
, Teams
Arrangør: Noregs Lærarmållag

Kom på digitalt seminar med nynorskforfattar Anders Totland og nynorsksenteret!

Anders Totland har gjeve ut fleire nynorske barnebøker. Mange av dei er mykje brukt i skulen allereie, og vi håper at dette seminaret kan inspirere fleire til å bruke meir av forfattarskapen til Anders Totland på barneskulen. I seminaret vil Anders Totland fortelje om boka «Mamma på dass» (som er like artig som ein skulle tru, utfrå tittelen), og det nyaste prosjektet sitt, «Katastrofedagbøkene».

Etterpå vil Liv Astrid Skåre Langnes frå Nynorsksenteret gi tips om korleis ein kan jobbe med boka «Mamma på dass» i klasserommet. Nynorsksenteret har publisert 10 kreative økter med boka «Mamma på dass», og Liv Astrid presenterer kjekke, kreative skriveoppgåver som ein kan bruke etter å ha lese boka i lag i klassa.
Til slutt i seminaret opnar vi for erfaringsdeling og diskusjon.

Her er lenkja til teamsmøtet!