kalender

Digitalt seminar om julehefte og årbøker

Tid:
6. april 202119:00
Arrangør: Noregs Mållag

Målgruppe: Dei som er engasjerte i arbeidet med å skrive, lage eller selje julehefte, årbøker eller andre lokale tidsskrift, eller dei som ynskjer å starte opp slikt arbeid.

Emne for møtet: Fleire redaktørar og andre vert inviterte til å fortelje om eigne erfaringar knytte til innsamling og skriving av stoff, formgjeving og ikkje minst det viktige salsarbeidet.

Påmelding: Det er ikkje påmelding. Det er gratis. 

Stad: Vi møtest på Zoom:
https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord. Det er lov å gå inn på deler av samlinga. Kvart av programpunkta er sjølvstendige og gjev god meining for seg sjølv.

Klokka 19 Velkomen til hefte- og tidsskriftsseminar
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag
Presentasjonsrunde (om vi ikkje er altfor mange).

Klokka 19.10 Erfaringar frå arbeidet med Jul i Trøndelag  
Jul i Trøndelag har kome ut i mange år. Det er eit hefte som har Trøndelag utanom Namdalen som nedslagsfelt. Juleheftet var på sakprosa-salstoppen til bokhandlarane i desember 2020.
ved Espen Tørset, redaktør i Jul i Trøndelag og leiar i Trønderlaget
Innleiing og spørsmål.

Klokka 19.35 Økonomi, sal og marknadsføring for Jul i Trøndelag
ved Vidar Lund, økonomiansvarleg i Trønderlaget
Innleiing og spørsmål.

Klokka 20.00 Pause

Klokka 20.10 Erfaringar og planar for Aust i Vika
Dette er årboka for Østfold Mållag og har heile Østfold som nedslagsfelt.
ved Ragnhild Lier, medredaktør og leiar i Østfold Mållag.
Innleiing og spørsmål.

Klokka 20.35 Erfaringar frå arbeidet med å lage Storamål  
Storamål har ikkje blitt laga siste åra. Redaksjonen deler nokre av deira erfaringar, kva som gjorde at dei måtte gje seg, og kva dei treng ei løysing på for å starte opp att.
ved Hege Myklebust, leiar i Stord Mållag og tidlegare medlem av skriftstyret
Innleiing og spørsmål.

Klokka 20.55 Gamalt og nytt frå Nissedal
Årsskrift for Nissedal. Anna kvart år er det Mållaget som lagar det og annakvart år det historielaget.
ved Harald Valle, medlem i skriftstyret og leiar i Nissedal Mållag
Innleiing og spørsmål.

Klokka 21.15 Open post

Klokka 21.25 Oppsummering, avslutting og god kveld!