Seminar om rekneskapsføring
Publisert:
24. januar 2025
Tid:
18. februar 2025— 19:30
Stad:
Digitalt seminar
Arrangør: Noregs Mållag
Er du fersk kasserar eller blir du den nye økonomiansvarlege i styret? Eller kanskje leiar i laget, og vil vite litt meir om økonomiarbeid og rekneskapsføring. Då er dette seminaret for deg!
Innleiing om rekneskapsføring for kasserarar
Litt om korleis drive godt økonomiarbeid. Om inntekter, utgifter, kvitteringar, innføring i føring av rekneskap, revisjon, med meir
Ved Sigbjørn Hjelmbrekke, kasserar i Telemark Mållag
Stad: Zoom: https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord. Etter innleiing vert det spørsmål og kommentarar. Ope for alle!
NB! Det vert også invitert til eit tilsvarande seminar same dag klokka 12.30.