Korleis føre rekneskap?
Er du fersk kasserar eller blir du den nye økonomiansvarlege i styret? Eller kanskje leiar i laget, og vil vite litt meir om økonomiarbeid og rekneskapsføring. Då er dette seminaret for deg!
Innleiing om rekneskapsføring for kasserarar
Litt om korleis drive godt økonomiarbeid. Om inntekter, utgifter, kvitteringar, innføring i føring av rekneskap, revisjon, med meir
Ved Per Henning Arntsen, økonomirådgjevar i Noregs Mållag
Stad: Zoom: https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord. Etter innleiing vert det spørsmål og kommentarar. Ope for alle!
Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar i Noregs Mållag, leiar ordet.
NB! Det vert også invitert til eit tilsvarande møte same dag klokka 11.30