kalender

Digitalt seminar om språkpolitikk i den nye opplæringslova

Tid:
4. desember 202410:00
Stad:
Digitalt seminar
Arrangør: Noregs Mållag

Noregs Mållag inviterer jamt til digitale seminar. Desse seminara er gratis og opne for alle. Vi set av ein time, og vona er at vi vert litt klokare kvar gong. Denne gongen er tittelen på seminaret: Språkpolitikk i den nye opplæringslova.

Det er Synnøve Marie Sætre som skal innleie om temaet. Ho arbeider til vanleg som senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Dessutan er ho varamedlem til styret i Noregs Mållag. I arbeidet med masteroppgåva si har ho studert kva for språkpolitiske oppfatningar som ligg til grunn for nynorsk-ordningane i den nye opplæringslova. Ho har òg sett på korleis tiltaka i den nye lova bidreg til å oppnå målsetnadane i språklova.

Eit viktig emne både for alle som er opptekne av både skule- og nynorskpolitikk og for dei som arbeider i skulen og med skulen.

Velkomen til digitalt seminar onsdag 4. desember klokka 10 
Stad: Zoom: https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord.

10.00 Velkomen!
ved Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar
Presentasjonsrunde

10.10 Språkpolitikk i den nye opplæringslova
ved Synnøve Marie Sætre

10.40 Spørsmål og ordskifte
11.00 Avslutning

Velkomen!

(OBS! Tilsvarande opplegg klokka 20)