kalender

Digitalt seminar om valkampen

Tid:
24. juni 202119.00
Arrangør: Noregs Mållag

Emne: Korleis kan lokal- og fylkeslaga løfte nynorsken i valkampen i 2021?

Tid: Torsdag 24. juni klokka 19.00.
Stad: Zoom. Send e-post til marit.tenno@nm.no for å få lenkja.
Påmelding: Det er ikkje påmelding.
Program:
19.00: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, ynskjer velkomen og orienterer om kva som er hovudsakene til Noregs Mållag i denne valkampen
19.20: Liv Signe Navarsete, avtroppande stortingsrepresentant for Senterpartiet: «Korleis kan målrørsla drive ein god valkamp?»
19.40: Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar i Noregs Mållag: Tips og råd til kva lokallaga og fylkeslaga bør gjere i valkampen. Om å stå på stand, skrive lesarbrev og ymse materiell
20.00: Spørsmål, debatt og tips frå lokallag til lokallag

Etter innleiingane vert det høve til spørsmål og diskusjon. Me vonar så mange som mogeleg deltek i ordskiftet. Alle tankar og innspel er velkomne.

Vel møtt!