Språkdelt ungdomsskule og nynorsk i randsona
Publisert:
25. oktober 2024
Tid:
11. november 2024— 19:30
Stad:
Digitalt seminar
Arrangør: Lærarmållaget
Korleis løyser ein det når nokon elevar på skolen har nynorsk som hovudmål og andre bokmål? Kva fungerer, og kva seier lova?
Dette får vi lære meir om når Noregs Lærarmållag for fjerde gong arrangerer digitalt seminar om nynorsk i skolen. Leiar for Nynorsksenteret, Synnøve Marie Sætre, fortel kva opplæringslova seier om språkdelte skolar og korleis lova fungerer i praksis, og høgskolelektor Jorid Staure fortel om utfordringar og moglegheiter i dei språklege randsonene.
I etterkant av innleiinga opnar vi for erfaringsdeling og diskusjon.
Dette er eit digitalt seminar. Les meir her: https://www.facebook.com/events/795865325939709/
Velkomne!