Digitalt verveseminar
I høve verveveka frå 1. til 8. oktober inviterer Noregs Mållag til verveseminar. Det er ope for alle og passar for dei som ynskjer å bli betre til å verve eller kanskje skal prøve å verve medlemer for aller fyrste gong.
Tid: Torsdag 3. oktober klokka 19.30
Stad: Vi  møtest  på Zoom:
https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du  treng  ikkje  passord.
Påmelding: Det er ikkje påmelding. Det er gratis.
Møteleiar for kvelden: Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag
19.30  Velkomen  til  verveseminar
ved  Hege  Lothe.  Presentasjonsrunde.
19.40  Kvifor  vervar  vi?  Mine  beste  vervetips! 
ved  Live  Havro  Bjørnstad,  nestleiar  i  Noregs  Mållag
20.10  Open  runde.  Spørsmål  og  kommentarar
ved  Live  Havro  Bjørnstad  og  Erik  Grov,  organisasjons-  og  kommunikasjonsrådgjevar
20.30 Oppsummering og avslutning.
Merk: Høve det betre for deg å vere med på seminar på dagtid? Det vert også digitalt verveseminar fredag 4. oktober klokka 12.30-13.30.