Digitalt verveseminar
I høve verveveka frå 1. til 8. oktober inviterer Noregs Mållag til verveseminar. Det er ope for alle og passar for dei som ynskjer å bli betre til å verve eller kanskje skal prøve å verve medlemer for aller fyrste gong.
Tid: Torsdag 3. oktober klokka 19.30
Stad: Vi møtest på Zoom:
https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord.
Påmelding: Det er ikkje påmelding. Det er gratis.
Møteleiar for kvelden: Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag
19.30 Velkomen til verveseminar
ved Hege Lothe. Presentasjonsrunde.
19.40 Kvifor vervar vi? Mine beste vervetips!
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag
20.10 Open runde. Spørsmål og kommentarar
ved Live Havro Bjørnstad og Erik Grov, organisasjons- og kommunikasjonsrådgjevar
20.30 Oppsummering og avslutning.
Merk: Høve det betre for deg å vere med på seminar på dagtid? Det vert også digitalt verveseminar fredag 4. oktober klokka 12.30-13.30.