kalender

Dagsseminar: Korleis får me ei god opplæringslov for framtida?

Tid:
20. november 202111:00
Arrangør: Noregs Mållag

Noregs Mållag inviterer til dagsseminar laurdag 20. november på Anker hotell i Storgata 55 i Oslo

Ordstyrar gjennom dagen: Ellinor Bergli Bustad

11.00 Opning
ved Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag

11.10 Det innegjerda nasjonalspråket
ved Jorunn Simonsen Thingnes, fyrsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet

11.50 Spørsmål og kommentarar

12.15 Opplæringslova – ein historisk gjennomgang
ved Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar for Noregs Mållag 

12.40 Spørsmål og kommentarar

13.00 Lunsj

13.45 Kva skjer når kravet til språkdelte norskbøker forsvinn?
ved Liv Astrid Skåre Langnes, høgskulelektor hjå Nynorsksenteret

14.00 Ålmenn røysterett om skulemålet. Kvifor, og kva kan alternativet vera?
ved Kjetil Aasen, styremedlem i Noregs Mållag

14.15 Tiårig språkdelt grunnskule. Konsekvensar for opplæringa med og utan deling.
ved Liva Thiis, student og tidlegare elev i Odda

14.30 Retten til læremiddel og læringsverktøy på eige språk. Kva er status, kva vil lovframlegget innebera og kva bør vi krevja?
ved Benedicte Frostad, seniorrådgjevar i Språkrådet 

15.00 Pause

15.15 Kva er problemet med læremidla? Kvifor greier ikkje forlaga å levera, og kvifor stiller ikkje kommunane og skulane strengare krav?


Irene Halvorsen, redaktør i Nationen, er ordstyrar i debatten mellom
Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag,
Thom Jambak, styremedlem i Utdanningsforbundet,
Ulv Pedersen, leiar av læremiddelutvalet i Forleggerforeningen og
John Arve Eide, styreleiar i NDLA, den digitale læringsplattforma for vidaregåande skulen

16.45 Pause

17.00   Framlegg til nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag 2022–2026
Noregs Mållag skal vedta nytt arbeidsprogram på landsmøtet i april 2022. Utkast til nytt program er til høyring i organisasjonen.
ved Synnøve Marie Sætre, leiar i arbeidsprogramnemnda 

17.20 Spørsmål og kommentarar. Ordskifte

18.15 Slutt 

19.30 Felles middag

 

PRAKTISK INFORMASJON

Prisar
Seminar utan måltid: 75 kroner
Seminar med lunsj: 200 kroner
Seminar med lunsj og middag: 400 kroner

Overnatting frå laurdag–sundag: 550 for enkeltrom og 700 for dobbeltrom (inkl. frukost)

Alle betaler inntil 1000 kroner i reise sjølv. Reisekostnader over 1000 kroner dekkjer vi (etter nærare avtale om val av rimeleg reisemåte). Køyring med eigen bil over strekningar der ein kan ta buss/tog/fly, vil vanlegvis ikkje bli dekt, med mindre ein samkøyrer slik at kostnadene per person blir greie. 

Påmelding
Send påmeldinga til per.arntsen@nm.no med melding om kva du treng av måltid og overnatting. Skriv også dersom det er noko vi må ta omsyn til i matserveringa.

Frist for hotellrom / garanti for at dei har ledig:
19. oktober (seinare enn det berre etter avtale).

Frist for påmelding til seminar (utan overnatting): 13. november

Betaling: Betal for det du har tinga, til konto 3450 19 80058. Skriv namnet på den eller dei betalinga gjeld for og kva du betaler for.