kalender

Eit portrett av diktaren og bonden Ivar Ringdal

Tid:
27. mai 202519:00
Stad:
Gamleskulen aktivitetsmuseum/Peer Gynt-gata 12
, Hellesylt
Stranda mållag og Gamleskulen aktivitetsmuseum inviterer til kåseri ved Asbjørn Tryggestad. Ivar Ringdal levde frå 1915 til 1983. Han var ein velkjend person i heimbygda. Diktinga hans femna vidt: natur, folk og religion.
Musikalsk innslag ved Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.
Inngang: 100 kr for ikkje-medlemar. Gratis for medlemar av mållaget og gamleskulen. Medlemskap kan teiknast ved døra. Barn og skuleelevar gratis.
Det blir sal av kaffi og kaker.
Velkomen!