Familiedag på Sandvin
Publisert:
6. mai 2026
Tid:
10. mai 2026— 13:00
Stad:
Hos familien Bergstø Severinsen på Sandvin
Odda Mållag inviterer store og små til ein triveleg sundag saman!
Moro for barna: Vi riggar til leikar, spel og høgtlesing
Mat og drikke: Solveig og Sigrid står ved takka og steiker lappar
Det vert sjølvsagt kaffi og saft til alle.
Dersom vêret er bra, er det fint å gå frå Strand til Sandvin (ca 1 time).
Vi kan hjelpe til med skyss tilbake om det vert behov.
Arrangementet er gratis og ope for alle – både medlemmer og ikkje-medlemmer,
men meld deg på så vi veit kor mykje lapperøre vi skal laga!
Påmelding seinast 9. mai til Elin: 91813317 (sms eller tlf)
Vel møtt til ein fin dag på Sandvin