kalender

Fire store: Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam.

Tid:
1. november 202219.00
Arrangør: Bærum Mållag

Tysdag 1. november inviterer Bærum Mållag til program på Bekkestua bibliotek. 
Innleiar: Jan Inge Sørbø

Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie  – det var dansk Gyldendal som mynta uttrykket «dei fire store». Som ein reaksjon på dette mannsdominerte firkløveret løfter Sørbø i den siste boka si, Fire store,  fire kvinner. Han viser kvifor dei ikkje har fått plassen dei fortener. Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Sørbø viser at det er tid for nylesing av desse fire store kvinnene i norsk litteratur. 

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. I 2009 ga han ut Ørneflukt og ormegard – ein kritikarrost biografi om Olav Aukrust, og i 2010 kom Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt. Den kritikarroste Nynorsk litteraturhistorie kom i 2017.