Foredrag om «Heltane i mine naturreiser»
Styret i Fredrikstad Mållag inviterer til eit siste drag av fjell-luft i sommar. Bli med på foredrag måndag 15. september med Inge Kjell Holme, rutinert NRK-journalist. Tittel er «Heltane i mine naturreiser».
Tema: Naturvern og naturglede.
Den raude tråden er den eksepsjonelle Kristianialegen Fredrik Arentz som forsvann i Jotunheimen i 1914.
Mysteriet og tragedien opna seinare for at borna til Arentz gav DNT eit generøst minnefond, som er blant dei største DNT har motteke.
Foredraget innheld klipp frå TV-produksjonen om den spesielle og naturglade Kristianialegen, der forsvinninga hans paradoksalt nok kom til å opna fjellets gleder for mange.
Foredraget har også fokus på kampen for urørt natur. Holme tek oss med til Aurlandsdalen, Altavassdraget, Nærøyfjorden, Lærdalselvi , Jostedalsbreen og Jotunheimen m.m. , der Holme har jobba journalistisk med radio/TV.