kalender

Forfattartreff med Anders Totland

Tid:
3. desember 202213.00
Arrangør: Bergen Mållag

Bergen Mållag inviterer til forfattartreff med Anders Totland! Det skjer på Gimle i Kong Oscars gate 18 (2. etasje) laurdag 3. desember kl. 13.00.

Totland si siste roman «Til jord skal du bli» er riven bort frå butikkhyllene.

«Ein tøysetrillar», kallar forfattaren boka. «Til jord skal du bli» er ei julehistorie utanom det vanlege. Her er det snø, julegåver, juletre og julepynt, men også gangsterar, forsømte barn, drap, blod og gørr.

Sjølvaste Peder Lofnes Hauge seier om boka:

«Denne bør de faktisk lese alle saman. Rett og slett ei herleg historie.»

Anders Totland har på sju år gitt ut ein drøss med bøker i mange sjangrar og for alle aldrar. Han har skrive faktabøker for barn, kokebok, dokumentarbok om folkeopprøret mot vindkraft, ungdomsromanar, vaksenromanar og no også «tøysetrillar».

På møtet får du kaffi og noko å bita i, og sjanse til å kjøpa boka.

Gratis inngang!