kalender

Fredrikstad Mållags 30-års-jubileum

Tid:
23. november 202318:00

Meld deg inn
Stad:
Mother India
, Fredrikstad
Arrangør: Fredrikstad Mållag
Telefon: 97970065

Denne gongen har vi valt å ha festen i eigen salong hos restaurant Mother India i Fredrikstad torsdag 23. november klokka 18:00.

Forrett: Papadum thali – hovudrett: Butter chicken – dessert: Mango krem. Og så får vi naan-brød til.

Vegetarmat kan bestillast om du melder ifrå på førehand. Prisen er kr. 500,- per person, som deltakarane betaler på staden. Drykk kjem i tillegg.

Påmelding til leiar Magne Aasbrenn på e-post magne.aasbrenn@gmail.com eller telefon 97970065. Frist 15. november.

Det blir jubileumstalar og song og musikk, blant anna med den einaste Beatles-songen som sameinar indisk sitar og norsk ved. Vi byd også blant anna på ei kort innføring i språket hindi (snakka av 615 millionar).

Velkommen til både nye og gamle medlemmer – og ta gjerne med ein venn (som ikkje treng å vere medlem)!

Med helsing frå styret v. Magne