kalender

Frist for å søkje ekstra aktivitetsmidlar

Tid:
5. november 2021
Arrangør: Noregs Mållag

Er de brakkesjuke og vil treffast, men manglar pengar? Vi lyser ut ekstra aktivitetsmidlar til fysiske møte og tilskipingar.

Noregs Mållag har sett av 200 000 kroner til lag som vil koma i gang att med fysiske treffpunkt, men manglar pengane til å realisera den gode ideen om ein innleiar, forfattar, leige av lokale eller anna. 

Vi vil gjerne ha så mange som råd i fullt driv att før året er slutt, og oppmodar alle som har fleire planar for hausten enn pengar på konto, om å senda oss ein søknad om litt draghjelp.

Vi prøver å gjera søknadsprosessen enkel, men vil gjerne ha minimum denne informasjonen frå dykk:

1 Kven søkjer

2 Kva er søknadssummen

3 Kva er innhaldet i tiltaket/møtet/arrangementet som de vil laga til (er det eit medlemsmøte med diskusjon om det nye arbeidsprogrammet, er det forfattarbesøk, er det nynorsk by-/bygdevandring med guide eller noko heilt anna?)

4 Kva er det som kostar pengar / eit veldig enkelt kostnadsoverslag (det kan til dømes sjå slik ut: honorar til forfattar 3000 kroner, leige av lokale 1000 kroner, kaffi og kaffimat 800 kroner. Sum kostnader 4800 kroner)

Vi handsamar søknadene i tur og orden innan rimeleg tid etter at vi får dei. Siste frist for å søkja støtte for 2021 er 5. november.