kalender

Globalisering og nasjonalstaten

Tid:
25. april 202319:00
Arrangør: Bærum Mållag

Tysdag 25. april kl 19-21, Bekkestua bibliotek

Ved inngangen til 2000-talet gav Øyvind Østerud ut boka «Globaliseringen og nasjonalstaten». Snart eit kvart hundreår seinare ser han på kva som har skjedd i den nye hundreåret og dei utfordringane det ber i seg. Dei store konfliktane og hendingane i vår tid, pandemien, krigen i Ukraina og dei stadig hardare motsetnadene mellom USA og Kina – korleis kjem alt dette til å verke inn på utviklinga i verda. Har globaliseringa nådd ei grense, og blir den reversert?  Er vi på veg attende til nasjonalstaten, eller ser me snarare ei utvikling der kvar kulturkrins forsøker å vera mest mogleg sjølvforsynt med dei viktigaste varene ein treng i eit moderne samfunn? Og ikkje minst interessant for oss: Korleis kjem Europa til å utvikla seg? Blir EU ein verkeleg unionsstat fordi kvart einskilt europeisk land blir for lite til å hamla opp med stormaktene USA, Kina, Russland og India? Eller kjem EU til å bli meir og meir eit samband eller ei foreining som regulerer samarbeidet mellom sjølvstendige og ganske ueinsarta, uavhengige europeiske statar, frå Portugal til Ukraina, frå Italia til Skandinavia?

Inngangspengar 100 kr