kalender

Haustseminar i Noregs Mållag

Tid:
18. oktober 2025
Stad:
Nynorskens Hus, Oslo
Arrangør: Noregs Mållag

Mållaget inviterer til haustseminar på Nynorskens Hus i Oslo laurdag 18. og søndag 19. oktober.

Les programmet for haustseminaret!

Praktisk og påmelding:
Haustseminaret er i Teatersalen til Bondeungdomslaget i Nynorskens hus, Rosenkrantz gate 8. Middagen er på Kaffistova i same huset. 

Vi har avtale med Quality hotel Entry som ligg på Mastemyr, om lag 20 minutt med buss sør for Oslo. Pris for éi natt per person: 950 kroner. Du får tilsendt lenkje for tinging av rom når du har meldt deg på. (OBS! Du må stadfeste denne lenkja)

Deltakaravgift for éin dag inkludert lunsj: 250 kroner
Deltakaravgift for begge dagane inkludert lunsj: 500 kroner
Festmiddag på Kaffistova laurdag kveld 250 kroner.
Reisa til/frå Oslo må deltakarane eller laga betale sjølve.

Påmeldingsfrist: Meld deg på så snart som råd. Vi har nokre få hotellrom att.
Påmelding: Send e-post til per.arntsen@nm.no (Skriv også om det er noko vi bør ta omsyn til med maten eller liknande.)

Lag som har svak økonomi kan ta kontakt for å høyre om dei kan få eigen avtale. Dette gjeld også lag i Norsk Målungdom. Send e-post til gro.morken@nm.no 

Alle er velkomne!