kalender

Haustseminar i Noregs Mållag

Tid:
26. oktober 2024
til 27. oktober 2024
Arrangør: Noregs Mållag og Austmannalaget

Noregs Mållag og Austmannalaget inviterer til haustseminar på Elverum laurdag 26. og søndag 27. oktober. Vi feirar at Austmannalaget vart skipa på Elverum for 125 år sidan, og lærer mykje nytt og nyttig om språk, dialekt og nynorsk.

Noregs Mållag inviterer til landsrådsmøte på same stad frå fredag ettermiddag til laurdag føremiddag. Programleiarar: Synne Solberg, nestleiar i Norsk Målungdom, kjem frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen, og Gunnhild Skjold, styremedlem i Noregs Mållag 11.30 Lunsj og registering 13.00 Velkomen til haustseminar på Elverum! ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag, Helen Johannesen, leiar i Austmannalaget og Lillian Skjærvik, ordførar i Elverum 13.15 Kva kan vi gjere for å ta vare på Solør-dialekten? ved Anders Jan Larsson, medlem i Solør dialekt- og mållag og aktiv i aktiv i Åsnes Finnskog Historielag 14.00 Kva kan Stortinget og staten gjere for dialektane?  ved Margrethe Haarr, stortingsrepresentant for Sp i Hedmark, kultur- og familiekomiteen Ordskifte. 14.45 Korleis var det å skifte til nynorsk og korleis er det å vere nynorskbrukar i bokmålsland? ved Silje Nathalie Luvåsen, varamedlem til styret i Noregs Mållag og nestleiar i Hamar dialekt- og mållag 15.00 Pause 15.15 Korleis kan lærarutdanninga også bli ei nynorsk lærarutdanning? Lise Selsnes, stortingsrepresentant for Ap i Hedmark, utdannings- og forskingskomiteen Eline Bjørke, leiar i Lærarmållaget og høgskulelektor i nordiske språk ved Høgskolen i Innlandet Ordskifte. 16.15 Ny opplæringslov – vidareføring av den språklege nøytralitetspolitikken?  ved Synnøve Marie Sætre, har nyleg avslutta mastergradsarbeid om emnet. Ordskifte. 16.45 Pause 17.00 Ung målstrid i 60 år. Soga om Norsk Målungdom ved Karl Peder Mork, leiar i nemnda for soga til Norsk Målungdom, tidlegare leiar 17.45 Dei nynorske røtene. Om målfolk frå Østerdalen  ved Magnus Løken, kjem frå Elverum og er lektor i norsk og historie ved Skarnes vgs i Sør-Odal 18.15 Austmannalaget 125 år – om målreisinga på Austlandet ved Olaf Nøkleby, tidlegare mottakar av Austmannaprisen Ferdig klokka 18.35. 20.15: Jubileums-festmiddag!  Festvertar: Brynhild Marie Foss, leiar i Gausdal dialekt- og mållag, og Kari Hølmo Holen, leiar i Mållaget Iver Kleiven Utdeling av Austmannaprisen* og Dialektprisen* ved Helen Johannesen, leiar i Austmannalaget

Festvertar: Brynhild Marie Foss, leiar i Gausdal dialekt- og mållag, og Kari Hølmo Holen, leiar i Mållaget Iver Kleiven Jubileumshelsing ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag

Eline Holbø Wendelbo har valgt ut dikt av Jon Fosse som ho syng og Arnhild Vik har tonesett dikta og spelar piano.

Takk for maten-tale ved Jon Låte, tidlegare leiar i Austmannalaget og i Noregs Mållag Søndag 27. oktober:  10.00 Korleis omtaler vi vårt eige språk og dei andre sitt språk? Finst det forskjellar mellom bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar? ved Jens Skarkerud Haugan, leiar i Hamar dialekt- og mållag og dosent ved Høgskolen i Innlandet 10.30 Skogfinnane. Ein nasjonal minoritet ved Magnus Bernhardsen, har skrive masteroppgåve om skogfinnane i litteraturen 11.45 Pause 12.00 Nynorsk inn i Grunnlova ved Kjetil Aasen, styremedlem i Noregs Mållag Ordskifte 12.45 Verving, verving, verving til 16 000! ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag 13.30 Takk for no! Lunsj og heimreise * ikkje stadfesta Praktisk og påmelding: Haustseminaret er på Thon Partner Elgstua på Elverum. Deltakaravgift for ein dag inkludert lunsj: 300 kroner Deltakaravgift for begge dagane inkl. lunsj: 600 kroner Festmiddag laurdag kveld: 400 kroner Deltakaravgift med overnatting og måltid frå lunsj laurdag til og med lunsj søndag: 1500 kroner Deltakaravgift med overnatting, ein lunsj (valfritt laurdag eller søndag), festmiddag og frukost søndag: 1200 kroner Meld frå om du treng overnatting frå fredag til laurdag. Eigen pris for den hotellnatta. Reisa til/frå Elverum må deltakarane/laga betale sjølve. Påmelding: Send e-post til per.arntsen@nm.no (Skriv også om det er noko vi bør ta omsyn til med maten eller liknande.) Lag som har svak økonomi kan ta kontakt for å høyre om dei kan få eigen avtale. Dette gjeld også lag i Norsk Målungdom. Alle er velkomne!