kalender

Haustseminar i Telemark Mållag

Tid:
24. oktober 2026
Stad:
Seljord Hotell
Arrangør: Telemark Mållag
Telemark Mållag inviterer til haustseminar laurdag 24. oktober på Seljord Hotell. Oppmøte med kaffi og litt å ete kl. 11.00. Og undervegs vert det meir mat.
Peder Lofnes Hauge, leiaren i Norges Mållag, kjem og er med under heile seminaret. Det sett av god tid til at Peder kan fortelje om det Mållaget sentralt arbeider med. Og ikkje minst tid til samtale med og spørsmål til Peder.
Det vert økter med fokus på praktisk lokallagsarbeid.
Telemark Mållag deler ut Målprisen 2026 og Ragnar Lurås presenterer årets Jol i Telemark.
Det er lagt opp til at det vil vere ein passeleg pause mellom seminaret og Seljord Mållag sin 125-årsfest i Flatdal.
Seminaret er gratis. Påmeldingsfrist fredag 16.oktober, anten via eige lokallag eller direkte til leiar Einar Søreide: esoreide@online.no