kalender

Heltar og skurkar frå norrøn tid

Tid:
19. oktober 202219.00
Arrangør: Sandefjord og Sandar Mållag

Onsdag 19. oktober inviterer Sandefjord og Sandar Mållag til ope møte på Øvre Myra husmannsplass.

– Kvifor likar vi å høyre soger om dei som vågar å gå inn i det ukjende, som blandar mot og kløkt og kjempar mot noko mørkt og mektig for å vinne stort?

Velkomen til ein kveld om heltar og skurkar i norrøn tid.