kalender

Humor – frå folkedjup og storting

Tid:
10. november 202219.00
Arrangør: Borgund Mållag

Torsdag 10. november klokka 19.00 vitjar Hallgrim Berg, kulturist og tidlegare stortingsrepresentant, Borgund Mållag og Ålesund bibliotek med kåseri og eit utval sanne soger frå folkedjupet og Stortinget.

Berg ferdast i vidt ulike miljø, og med klisterhjerne har han sanka humorstoff i mange år. Han har gjeve ut fleire bøker, sist «Parlamenturismen – folkevalde på utflukt».

Publikum kan vente seg ein «humorkanonade» av dei sjeldne denne kvelden. Det er spennvidde frå Ola Kortgard i Ål til rikskjendisane Herbjørn Sørebø og Kjell Kristian Rike, for ikkje å nemne Arnold Weiberg Aurdal, Kjell Magne Bondevik, Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch.

Tilskipinga er gratis og open for alle.