kalender

Idédugnad med Arendal dialekt- og mållag

Tid:
22. mai 202518:00
Stad:
IOGT-lokalet i Nygata 3, 1. etasje.
, Arendal

Vi har starta Arendal dialekt- og mållag. Alt er registrert og på plass i Brønnøysund. Til nå er vi godt over 30 medlemmer!

Vi i styret har planlagt noen få arrangement. Og vi skal saman finne ut kva vi vil gjere og åssen vi gjer det. Derfor inviterer vi til halvannan times idédugnad torsdag 22. mai.

Det blir kaffi/te og twist.

På programforslaget vårt står:

  • Presentasjon av alle som kjem og tankar om kva laget skal drive med
  • Leiar Jan Kløvstad tar ei kort innleiing om  kva vi ha gjort så langt
  • Åssen fremmar vi Arendalsdialektane og nynorsken i ulike samanhengar? Vi må auke statusen på dialektane vi har lokalt, det skal vere stas at folk høyrer vi er frå Arendal.
  • Åssen skal folk finne oss, og bli med? Med andre ord: kommunikasjonsstrategi.

Reiseskrivar Nora Tangen Aarskog i Noregs Mållag fortel om jobben sin.

Vi startar kl 18.00, og sluttar kl 19.30. På den tida har vi skapt eit grunnlag for ein flott start på Arendal dialekt- og mållag. Vi håpar du kjem, og ta gjerne med dei ein eller fleire som også kan tenke seg å bli med i arbeidet.

Alle nye medlemmer får jubileumsboka TRADISJON, KULTUR OG NYSKAPING. Austegdelaget i 100 år som gåve. Austegdelaget var både mållag og ungdomslag frå 1920.

Beste helsing
Styret i Arendal dialekt og mållag
Liv Paulsen, nestleiar     Anne-Brit Dræge, sekretær
Helge Tveite og Eivind Tøn, styremedlemmer
Hildegunn Sjo (kasserar) og Mette Sætra, varamedlemmer
Jan Kløvstad, leiar

Velkomen også til konsertar i Bakgården 19. juni og 21. august:

https://gotoarendal.com/no/search?type=events&page=

19. juni med Kirsten Bråten Berg, Johanne Flottorp, Leiv og Åsmund Solberg.

21. august med Trio Tragder; Nina Byttingsmyr, Torgeir Tønnevold Fiane og Olaf Moen

 

Litt meir her: https://sideblikk.agderposten.no/sideblikk/article/store-namn-i-bakgaardskonsertane-i-arendal