kalender

Inspirasjonsseminar i Møre og Romsdal

Tid:
6. november 202111:00
Arrangør: Fylkesmållaga i Møre og Romsdal

Nordmøre Mållag, Sunnmøre Mållag og Romsdal Mållag inviterer til seminar på Sunndal kulturhus på Sunndalsøra, laurdag 6. november 2021 klokka 11-15.

Klokka 10.30 er det kaffe og noko å bite i for langvegsfarande. Meld frå om behov/ynske om det!

Klokka 15 er det middag/varmrett og kaffi. Meld frå viss du IKKJE skal ha middag.

Program:
11:00  Opning/ velkomen ved Nils Ulvund, leiar i Sunndal Mållag og kulturinnslag.
11.10 Vårsøg i språket ved Svein Sæter
11.50 Musikalsk hovudinnslag ved Øystein Sandbukt 

12.25 Om fylkesprosjektet, Hald på språket ditt, vi har hatt og det nye filmprosjektet. Innleiarar Øyvind Fenne og Ingebjørg Røyrhus Øyehaug.      

12.55 Beinstrekk og fruktpause
13.05 Gruppearbeid

13.45 Om skulemålsplan for Møre og Romsdal. Kva vil vi med den? ved Ingar Arnøy
14.15: Døme på vellykka tiltak og prosjekt kringom i fylket og andre stader.  (Nils, Øyvind, Ingebjørg)

14.45: Avrunding og konklusjonar
15.00: Middag og kaffi 

16.00: Heimreise

NB! Det blir høve til spørsmål og kommentarar under alle punkt.

Tilrettelegging for digital overføring. Men vi trur og håpar at mange kan delta fysisk. Også ikkje-medlemer kan vere med fysisk og digitalt. Dei digital deltakarane får tilsendt ei lenkje på zoom.

Overordna mål: Skape glød og tiltakslyst!

Påmelding: Fysisk eller digitalt innan måndag 1. november til: Nils Ulvund: nils.ulvund@gmail.com eller mobil 90027161 eller Ingrid Kjønnøy: aukan08@gmail.com  eller mobil 41602489

Påmelding kan òg skje via fylkesleiar i eige fylkeslag. Inga seminaravgift. Reiseutgifter blir dekte av fellesmidlar frå fylkeslaga. 

Velkomen!