Jubileumsfest for Alversund mållag 70 år!
Publisert:
16. januar 2026
Tid:
31. januar 2026— 18:00
Stad:
Grendahuset Strilatun
, Seim
Arrangør: Alversund mållag
Det er 70 år sidan Alversund mållag vart skipa, og laget med vener feirer i Strilatun på Seim, laurdag 31. januar 2026. Her vert det tilbakeblikk, talar, ymse underhaldning, mange gode allsongar og høve til ein svingom til firmanns orkester, og drøs innimellom. Det vert middag med dessert og utpå kvelden kaffi og kaker. Me gler oss til å samlast, medlemmer og målfolk frå fjern og nær.