kalender

Konsert med rockepoeten Tom Roger Aadland

Tid:
23. oktober 202114:00
Stad:
Kimen kulturhus i Stjørdal
Arrangør: Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek

Laurdag 23. oktober klokka14 inviterer Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek til konsert i biblioteket, Kimen kulturhus, med rockepoeten Tom Roger Aadland.

Tom Roger Aadland gav nyleg ut «Motgift», som er det niande soloalbumet hans. Han har også skrive songtekstar for artistar som Hellbillies, Vamp og
Marion Ravn. I haust vitjar han norske scenar med sine kritikarroste gjendiktingar av nobelprisvinnar Bob Dylans unike songar. Aadland har tatt for seg dei to Dylan-albuma mange reknar for hans aller største meisterverk, «Blonde on blonde» (Blondt i blondt) og «Blood on the Tracks» (Blod på
spora), og gjendikta dei låt for låt.

I fjor gjorde Aadland eit knippe splitter nye Dylan-gjendiktingar for Det Norske Teatret si suksessframsyning «Vikla inn i blått». Dagsavisen kalla dette ein
«Dylan-konsert for historiebøkene», og skreiv også «I Aadlands tolkninger ligger både råskapen og poesien, det politiske og det humanistiske».

Det er duka for ei heilt spesiell konsertoppleving når han stiller med munnspel og gitar og med Dylan på nynorsk på programmet.

Møt opp og bli med på feiringa av Bob Dylans 80-årsjubileum!