Konsert med Tom Roger Aadland
Fredag 14. mars arrangerer Ås kulturhus og Ås mållag konsert med Tom Roger Aadland! Tom Roger er mellom anna kjend for tolkninger av Dylan til nynorsk, men diskografien hans er variert og stekkjer seg tilbake til 2007. Vel verdt eit konsertbesøk!
Me håper mange vil koma denne fredagen på ein kveld som garantert byr på god stemning, god musikk og høve til å treffast i ei litt annleis ramme enn den vanlege.
Arrangementet er sjølvsagt ope for alle – ikkje berre mållaget, så det er berre å ta med seg vener og kjende.
Dørene og kulturbaren opnar kl. 18.30
Konsertstart kl. 19.30
Foajéscene
Kr. 275,-
Trykk her for meir informasjon om arrangementet og billettsal.